Karrierekatapult: Finn ut korleis Holbergprisen jobbar med forsking, formidling og arrangement

Er du interessert i å arbeide i brytningsfeltet mellom forskning, kommunikasjon, administrasjon og arrangement? Bli kjent med Holbergprisen sine ulike aktivitetar og aktuelle moglegheiter for studentar og nyutdanna. Mange fagbakgrunnar kan vere aktuelle, og særskilt studentar frå lærarutdanningane.

Om arrangementet

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

Forutan sjølve Holbergprisen administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen, ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen.

Holbergprisen er formelt ein del av Universitetet i Bergen, og har fem administrative og ein fagleg tilsett. I tillegg til dei fast tilsette har vi med jamne mellomrom praktikantar og studentmedarbeidarar, og lyser ut kortare engasjement knytt til logistikk og praktiske førebuingar for Holberguken.

Satsinga på Holbergprisen i skolen gjer at vi er ekstra interesserte i å kome i kontakt med studentar på lærarutdanningane, som har fagleg bakgrunn og interesse for tema knytt til utdanningspolitikk, fagutvikling vidaregåande skule og pedagogikk. I løpet av 2026 er det aktuelt å lyse ut eit masterstipend for studentar som kunne tenkje seg å skrive oppgåve med utgangspunkt i Holbergprisen i skolen.

 

Program

  • Velkommen
  • Presentasjon av Holbergprisen
  • Tilsette ved Holbergprisen fortel om eigen fagbakgrunn og sine stillingar ved sekretatiatet.
  • Presentasjon av aktuelle utlsyningar på kort og lengre sikt.
  • Holbergprisen i skolen presenterer rammene for nevnte masterstipend.


Om Karrierekatapult

Arrangementet er en del av Karrierekatapult. I perioden 23. februar-23. mars kan studenter bli med på besøk til spennende bedrifter og arbeidsgivere i Vestland. Oppdag arbeidsgivere, næringer og stillingstyper du ikke visste var aktuelle for deg!

Finn flere arrangementer på karrierekatapult.no/arrangementer.

Legg til i kalender
Om arrangøren

Lignende arrangementer