Tidsskriftet Undring

Et studentdrevet tidsskrift for filosofi og teori.

Tidsskriftet Undring er staden for radikal filosofi og teori ved HF. Me publiserer artiklar, essays, skjønnlitteratur, dikt og illustrasjonar, kort sagt alt med filosofisk verdi som ein kan få i eit tidsskrift. Me er opne for alle studentar i Bergen!

Er du interessert i filosofi? Har du lyst å skriva filosofiske tekstar? Ynskjer du å læra om publisering? Me har fleire ting for dykk å gjera! I Undring kan ein:

Sitja i redaksjonen og diskutere filosofi og filosofiske tekstar
Lesa korrektur og vurdere innsendte tekstar
Skriva eigne filosofiske bidrag
Laga illustrasjonar for tidsskriftet
Putla på med SoMe
Laga og driva sosiale arrangement
  
Kva er terskelen?
Den er låg! Ein treng berre å møta opp til eit redaksjonsmøte og så er ein i redaksjonen. Me har redaksjonsmøte éin gong i veka onsdag kl. 16:15 i fjerde etasje på Sydneshaugen Skule, og desse er opne for alle. Du engasjerer deg så mykje DU vil. For spesifikke oppgåver, kan dette diskuterast med redaksjonen eller redaktørane.

Alle redaksjonsmedlemmer og bidragsytarar får eit gratis eksemplar etter trykk, og redaksjonen er invitert til alle sosiale arrangement som tidsskriftet kan by på. Bli med!