Tidsskriftet Røyst

Røyst er tidsskriftet som samlar ei slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk

Røyst vart skipa i 2014, og er eit Bergensbasert tidsskrift med fire publikasjonar i året. Vi har òg jamlege arrangement, produserar podcasten Radio Røyst og lagar innhald for nett. Vi ønskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Røyst vert driven på frivillig basis av ein gjeng på 10-15 redaksjonsmedlemar. Vi er stadig på jakt etter nye medlemar som ønskjer å utfordra seg sjølv og jobba for å vidareutvikla Røyst sitt unike politiske prosjekt. Du bør ha eit engasjement for den politiske venstresida og vera glad i tekstarbeid og skriving. Du treng ikkje ha mykje røynsle, og vi er veldig open for ulike interesser og bakgrunner i redaksjonen som kan bidra til å utvida kompetansen vår.

Vi har redaksjonsmøter ein gong i veka. Ta gjerne kontakt med oss om du er interessert eller har spørsmål! Eposten vår er post@royst.no :)

I Bergen kan du kjøpa Røyst på Boksalongen (Litteraturhuset) og på Norli Strandgaten. Du kan også låna eksemplar på biblioteket

Hvem kan være med?

Alle som deler Røyst sin visjon og kan delta på faste redaksjonsmøter kan søkje opptak i redaksjonen. Abonnement og arrangement er open for alle. Alle kan senda inn forslag til tekster til numrene.

E-post

post@royst.no

Nettside

http://royst.no

Sosiale medier