Studentmållaget i Bergen

Studentmållaget i Bergen Studentmållaget i Bergen jobbar for nynorsk, dialektar og språkleg mangfald. Og me ynskjer å gjera det på ein positiv måte, for det er berre slik me er.

Studentmållaget i Bergen (SmiB) er eit lokallag i Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har som føremål å arbeide for nynorsken blant studentar og akademikarar i Bergen. SmiB har heile tida hatt Universitetet i Bergen som kjerneområde.

SmiB vart skipa i 1946. I fyrste perioden var aktiviteten meir allmennkulturelt prega, og det å skape eit miljø for målstudentar var viktig. Såleis hadde ein vitjingar av forfattarar og fokus på litteratur. I tillegg var ein oppteken av måljamstilling ved Universitetet i Bergen.

Glad i nynorsk, samisk, språk, dialektar og/eller mangfald? Meld deg inn og hjelp oss arbeide for språklege rettar og språkeleg mangfald!

Hvem kan være med?

Alle som vil

Sosiale medier