Mørkerommet Fotokollektiv
Mørkerommet er eit fotokollektiv og ein studentorganisasjon som praktiserer analog fotografering og svart-kvitt framkalling i mørkerom.
Vi består av unge fotografar mellom 20 og 30 år. Vi framkaller og held til på loftet på Sydneshaugen skule ved Universitetet i Bergen. Mørkerommet sine fotografier er å finna i magasiner som Bøygen, Prosopopeia, og Replikk. Vi gir ut foto og kunst-magasinet Sjå magasin to gonar i året. I tillegg tek vi bilete på kulturarrangementer i Bergen, og har eit eige samarbeid med Prøverommet. Organisasjonen drivast som ein studentorganisasjon med stønad frå Kulturstyret (Velferdstinget).
Mørkerommet skal fungera som plattform der unge fotografar kan få sine fotografier på trykk eller stilt ut. I tillegg skal Mørkerommet vere eit opent tilbod for studentar som ønsker å læra seg analog fotografering og framkalling i mørkerom. Det viktigaste er interesse for foto og eit ønske om å lære - ein behøver ikkje forkunnskaper. Vi arrangerer ei rekke sosiale og faglege arrangement som alle våre medlemmer er hjartelege velkomne til å delta på.
Hvem kan være med?
Unge fotointeresserte
E-post
moerkerommet@gmail.comBesøksadresse
Sydnesplassen 9, 5007 Bergen