Bergen Ungdomslag Ervingen
Bergen ungdomslag Ervingen er ein kulturorganisasjon der du kan driva med folkedans, folkemusikk, kor eller amatørteater.
Bergen ungdomslag Ervingen er eit frilyndt lag med tilhald i hjarte av Bergen. I lagshuset vårt Gimle, i Kong Oscars gate 18, kan du freiste deg på mange ulike aktivitetar som kor, teater, folkedans og folkemusikk. Me skipar òg til konsertar, kulturkveldar og lagsmøte.
Du er hjarteleg velkomen!
Hvem kan være med?
Alle. For å delta på aktivitetar må du vere medlem i laget.
Besøksadresse
Kong Oscarsgate 18, 5017 Bergen