Ad fontes studentbar

Ad Fontes er ein studentbar som ligg på HF-bygget (Det humanistiske fakultetet ved UiB).

Vi har ope kvar veke måndag til fredag, frå 10 til 00, klare til å tilby studentane gratis kaffi og te, og dei mest komfortable sofaene! Vi har også massevis av snacks og andre gode drikkevarer til sals.

Det finst ikkje nokre krav for å bli frivillig hos Ad Fontes! Sjølv om du ikkje er student ved Det humanistiske fakultetet, er du velkommen til å bli med oss ​​bak baren. Vi er kjende for det internasjonale miljøet vårt – her snakkar alle anten engelsk, norsk eller begge deler! Alle er velkomne hos oss! Ad fontes er eit trygt og sosialt miljø for alle :)

Alle frivillige hos Ad Fontes får rabatterte prisar i baren, og gåvekort som timelønn avhengig av kor mykje dei jobbar. Du får også tilgang til internfestar, hytteturar, filmkveldar og andre morosame aktivitetar eksklusivt for våre frivillige.

Hvem kan være med?

Alle!!

Kontaktinfo

For bestilling: ekstern.af@hsu.no

For å bli frivillig: rekruttering.af@hsu.no

Andre førespurnader: leiar.af@hsu.no

 

Besøksadresse

HF-Bygget, Sydnesplassen 7

Sosiale medier