Karrieremesse - Ta steget
Klar for å ta steget til Vestland? 11. februar kan du bli kjent med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland. Møt din neste arbeidsgivar i Grieghallen!
Har du lyst til å vite meir om kva jobbar som ventar i Vestland? Meld deg på karrieremessa Ta Steget 11. februar kl. 10.30-16.00 i Grieghallen.
Møt attraktive arbeidsgivarar
Her har du sjansen til å møte nokre av Vestland sine mest attraktive arbeidsgivarar frå ulike bransjar, og orientere deg om kva karriere du kan skape deg i regionen. Bedriftene du møter på stand vil veldig gjerne bli kjent med deg og knyte kontakt for framtidig jobb 🧡
Forutan spennande bedrifter byr vi på :
- Goodiebags
- Premiedryss
- Traineestillingar
- Sommarjobb
- Svelestand
- Karrierecup
Alt er gratis!
NYHEIT: Karrierecup!
Nytt av i år er at vi tilbyr ein karrierecup der du kan booke personlege jobbsamtaler med interessante arbeidsgivarar. Dette er ei god moglegheit til å presentere deg sjølv, utdanninga di og interessene dine, og til å utforske aktuelle eller framtidige jobbmoglegheiter i bedriftene.
Kvar samtale varer i 25 minutt og går føre seg i eit eige område i hallen. Du som har meldt deg på messa vil få tilsendt eit skjema der du kan krysse av for dei bedriftene du ønskjer å møte, så set vi opp møtene for deg.
Ta Steget!
Dette er dagen du får innsyn i eit variert og innovativt arbeidsliv i Vestland! Kanskje går du derifrå med utsikt til ny jobb, ein sommarjobb, ei traineestilling eller eit samarbeid om studentoppgåve? Ta Steget og meld deg på.
Karrieremessa bli arrangert i samarbeid med Springbrettet.
Legg til i kalenderOm arrangøren