Bergen filosofifestival 2026

Fra 27. til 28. august 2026

kl 18:00 til kl 23:55

Bergen Kjøtt

Korleis byggjer vi framtidas filosofby? Dette er spørsmål som tas opp på Bergen Filosofifestival.

Bli med filosofar, poetar, målarar og musikarar frå Bergen når vi feirar fri og skapande tenking på Bergen Kjøtt på Bontelabo.

Vi følgjer opp tematikken frå fjorårets festival med det neste spørsmålet: Korleis byggjer vi framtidas filosofby?

Korleis kan vi styrkje intellektuelle fellesskap og universitetet si rolle i ei framtid der kunstig intelligens tek stadig større plass? Bør vi la maskinene tenkje og forske for oss? Eller må vi snarare revolusjonere forståinga vår av kunnskapen og filosofien sine grunnvilkår? Korleis kan vi leggje til rette for ein ny byrjing for tenking?

Med oss i samtale har vi Kari Jegerstedt, Hans Marius Hansteen, Gisle Selnes, Ole Hjortland, Ole Martin Skilleås, Fredrik Wiig Sørensen og Anthony Morton, i tillegg til fleire internasjonale filosofar og poetar.

Det blir kunstutstilling, musikk med det bergenske bandet Bare Folk og opplesingar ved fleire av byen sine unge diktarar, mellom andre Tilde Strand Bogen og Mats Tønjum Alfsen.

Bli med og bygg filosofibyen!

(Tekst hentet fra arrangør) 

Legg til i kalender
Om arrangøren

Lignende arrangementer