Antologislipp: Noko varar, alt går over

28. april 2026

kl 20:00 til kl 23:00

Fortunen 7

Gratis

Mikrofestivalen presenterer antologislipp: Noko varar, alt går over

Noko varar, alt går over er den fjerde antologi-utgjevnaden frå Immaturus si noverande skrivegruppe.

Dette semesteret har gruppa, etter beste evne, forlat komfortsonen og utfordra seg sjølv til å utforske prosaens uttrykk. Den ustanslege, rett fram måten å tvinge seg over papiret på. Inspirasjon for denne novellesamlinga har av den grunn vore ingen ringere enn Sisyfos. Han som vart dømt til å rulle ein stein opp eit fjell inn i ævelengda.

Noko varar, alt går over er derimot ikkje ein moderne gjenforteljing av den greske myten, men er snarere skrevet i Sisyfos' ånd. Sisyfos-skikkelsen representerer tross alt så mykje. Han er repetisjonen, tre-aktsstrukturen, det komiske, det tragiske, steinen i motstraumen, strevet, den harde huda som krystalliserer seg på hendene når ein har prøvd sitt beste. Dette er linjene Noko varar, alt går over har fulgt, og vi ser fram til å demonstrere strevet for dykk. 


Tirsdag 28. april, kl.20.00 på Lille DNS [Fortunen 7] 

Legg til i kalender
Om arrangøren

Lignende arrangementer

Milwaukee

Milwaukee

Fra 28. april til 2. mai 2026
kl 17:00 til kl 19:00
Olav Kyrres gate 49
Scenarios

Scenarios

Fra 27. april til 2. mai 2026
kl 20:00 til kl 20:15
Olav Kyrres gate 49