- Eit fasinerande besøk

Foto: Frå presentasjonen av FMC Technologies. FOTOGRAF: Daniel Nygård

- Eit fasinerande besøk

Skrevet av: Daniel Nygård

Foto: Frå presentasjonen av FMC Technologies. FOTOGRAF: Daniel Nygård

40 studentar frå UiB, HiB og NHH besøkte Ågotnes Industriområde og møtte spanande bedrifter innanfor subseanæringa.

Ågotnes Industriområde er ei stor næringsklynge av leverandørar til Nordsjøen, og vert kalla det mest komplette subseamiljøet i verda. Leverandørindustrien her har rundt 130 verksemder og kring 1 500 arbeidsplassar. Saman med Bergen Næringsråd arrangerte Utdanning i Bergen eit bedriftsbesøk for studentar til industriparken, og turen vart fort fulltegna.

Studentar i samfunnsvitskaplege og humanistiske fag vart spesielt oppmoda til å vera med. Marie Espeland og Inger Johnsen, begge på Masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB, var blant dei som tok i mot tilbodet. Dei meinte at det var hyggeleg at også andre enn ingeniørar vart ønskt velkommen.

- Informasjonen frå fakultetet og instituttet om arbeidsmoglegheiter i atypiske bransjar for humanister er ikkje spesielt omfattande, så slike initiativ er utruleg viktige, seier Marie Espeland.

Næringslivet må tenkje breiare

Dei er klar på at humanistar må vera meir aktive i søken etter potensielle arbeidsgivarar enn andre, og at de må være ekstra flinke til å selja inn kompetansen dei sit med til næringa. Likevel fristar ei karriere i industrien.

- Her er mange store, internasjonalt orienterte selskap. Eg trur vi har mykje å bidra med for dei, spesielt på område som språk- og kulturkunnskap, kommunikasjon og samfunnsansvar, uttalar Inger Johnsen.

Morten Myksvoll frå Bergen Næringsråd støttar tankane til humaniora-studentane, og syns det var positivt at studentar frå mange ulike studieretningar deltok.

- Bedriftene må få auga opp for den kunnskapen som humanister og samfunnsvitarar har. Dei sit både med nyttig fagkunnskap, i tillegg til å ha lært mykje om arbeidsmetodar, forsking og kritisk tenking. Eg håpar bedriftene her i dag ser nytta av den ressursen når dei skal tilsette.

Store moglegheiter

Saman med representantar frå CCB, NCE Subsea og FMC Technologies var Kristian Karlsen frå Fjells Subsea Products ein av dei som møtte studentane på besøket. Han trur at mange kan få ei god framtid i subseanæringa.

- Eg kan anbefale industrien til studentane, det er ei spennande bransje! Eg trur spesialt det vil skje ein oppblomstring blant dei små firmaa. Det kan òg vere kjekt for nyutdanna, for då er du ei viktig brikke frå starten, ikkje berre ein liten del av eit stort maskineri, meiner Karlsen.

Det var òg fleire utanlandske studentar med på bedriftsbesøket. Ein av dei var Mizanur Rahman, opphavleg frå Bangladesh, no masterstudent i offentleg administrasjon på UiB.

- Eg kan godt tenkje meg å arbeide i Noreg! Her tenkjer ein mykje på tryggleik og arbeidsmiljø på arbeidsplassen, og har ein betre balanse mellom arbeid og fritid enn i mitt heimland. Men språket er ei utfordring - "lær deg språket og kom tilbake seinare" har eg høyrd fleire gonger. Så eg planlegg å lære meg norsk, fortel han.

- Korleis har besøket på Ågotnes vore?

- Det har vore fascinerande! Eg har lært veldig mykje om noko eg ikkje kunne noko om frå før. Men neste gong håpar eg vi kan besøkje oljeriggen her òg!

Kontakt

Følg oss